Kvifor idealisme?

Store endringar i verda krev ofte store offer, alle drivne av idealisme.

Digfg1315 Foto:fotogjengen.samfundet.no

Marit Kjærvik Dato: 2013-02-17

ISFiT 2013 har stilt mange spørsmål og sett på mange løysingar. Mellom anna korrupsjon, grøn økonomi og handelsmarknaden har vore tema for tidlegare debattmøte, og store personlegheitar har presentert synet sitt. Endringar mot ei betre verd krev stor innsats og me har høyrt mange døme på folk som ofrar mykje for nettopp dette. Derfor var det svært passande at det siste debattmøtet i ISFiT 2013 såg litt på fenomenet bak dette, nemleg idealisme.

Nøkkelen er dialog

Biskop Munib Younan tilhøyrer den evangelisk lutherske kyrkja, er busett i Jerusalem og er biskop for Palestina og Jordan. I staden for å velje side i ei svært vanskeleg konflikt, jobbar han for dialog og fredeleg sameksistens for Palestina og Israel. Biskopen snakka varmt om kulturelt mangfold og det å ha respekt for kvarandre, uavhengig av religion. – Elsk gud, naboen din og ikkje minst fienden din, var bodskapen hans. Han trakk òg fram korleis Noreg reagerte etter terroråtaket 22. juli som eit førebilete. Ekstremisme blir ikkje brytt ned av krig, men av kjærleik.

Mottok endeleg pris

Den andre talaren i kveld, Min Ko Naing, vann Studentanes fredspris i 2001 for sitt arbeid for demokratisering av Burma. Grunna sitt engasjement sat han i fengsel i 20 år, og kunne ikkje motta fredsprisen i 2001. Etter at han blei fri i 2012 har han fortsett arbeidet sitt, og fekk endeleg moglegheita til å vitje Trondheim. Til ståande applaus frå salen mottok han blomar og eit bevis på det han har oppnådd. Det er tankevekkande kor modige studentar verda rundt er, og korleis dei kjempar for talefridom. Det minnar òg om kor privilegerte alle studentane som sat i salen eigentleg er. – Norske studentar forstår ikkje kva offer er, uttalte han.

Kvifor gjer dei dette?

Til trass for innleiarar som har fått til svært mykje og gode spørsmål frå salen, fekk salen aldri svar på kva som er drivkrafta bak idealisme, og det er kanskje svar nok. Spørsmålet kan nok for mange idealistar vere absurd; dersom ein verkeleg trur på ei sak, er det verdt å kjempe for.

comments powered by Disqus